KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

8171959650_830a389f46_o.jpg

YOGA

Yoga

“Happiness is your nature. It is not wrong to desire it. What is wrong is seeking it outside when it is inside.” 
 - Ramana Maharshi - 

 
Yoga praksis har sine røter i det gamle vediske kulturen i India. Ordet yoga kjem frå sanskrit og betyr enheit eller samanføying, og viser til ein djupare tilstand av transformasjon, men ordet yoga viser også til dei ulike yogiske praksisar og å vere på den yogiske veg. For oss er yogapraksis ein veg for auka bevissthet, som gjev oss ulike verktøy, kunnskap og praksisar som kan lede oss mot erfaringa av det naturlege selvet. 
Når vi går inn i yogapraksis, og dykker djupt, finn vi at havet av kunnskap og erfaringar er utan ende. Jo djupare ein går, til meir endringar og nye oppdagingar kjem fram. På linkane under kan du lese litt om yoga, og korleis vi tilnærmar oss praksisen og kva vi deler. 


13502752_1017338261689131_1714546350629096980_o.jpg

Yogakurs

LILLEHAMMER, NORGE 

MAI & AUGUST 2018
Yoga & Meditasjon
Montebellosenteret, Lillehammer. Meir info om desse kursa her. 


Yoga i Nordfjord 

STRYN, NORDFJORD, NORGE

APRIL MAI & JUNI 2018
Oppstart onsdag 18.April, klokka 19.00-20.30  på Stryn Ungdomskule. 
Ti kurskveldar. 
Early Bird: 1350 NOK påmelding før 24. Mars
Etter 24. Mars: 1450 NOK per person. 
Yogamatte og teppe til utlån. 
Tema: 
Første serie "Primary Series", Leda klasser & Mysore Style. 
Kurset passer for dei som har praktisert litt yoga, er vant med trening, eller har vore med på kursrekker med Yoga i Nordfjord før. 
Påmelding og spørsmål via kontaktskjema. 

VARMT VELKOMMEN ! 

OLDEDALEN, NORDFJORD, NORGE

MAI TIL SEPTEMBER 2018

SOMMER YOGA
Gjennom sommersesongen 2018 vil vi ha forskjellige kveldsklasser yoga, ope for eigen praksis på morgenen og mini - workshops Yogahemsen på Melkevoll Bretun. I Mai, Juli & August har vi også Yoga & Fjell helgesamlingar. 

OLDEDALEN, NORDFJORD, NORWAY

MAY TO SEPTEMBER 2018

YOGA & GONG
På Yogahemsen i øverste etasje på Melkevoll Bretun´s hovedhus. 
Kver mandag kveld frå 7.30-9.00. 
Denne klassen passer for alle, og består av ein mjuk yogapraksis med pust, bevegelse, samt stille sitting og avspenning til slutt. 
Av og til har vi Yoga Nidra på slutten, og andre ganger har vi gongbad med lyden av gong og klangskåler. 
Påmelding til klassen via kontaktskjema, messenger på fb eller på telefon (41662883). 

MYSORE STYLE ASHTANGA VINYASA YOGA
På Yogahemsen i øverste etasje på Melkevoll Bretun´s hovedhus. 
Startar onsdagskveldar frå 27. Juni 2019 frå 7.30 - 9.00. 
Denne klassen er for dei som er kjend med solhelsingane og det meste av den ståande sekvensen, samt dei grunnleggande elementa i Ashtanga Vinyasa Yoga; altså for dei som har delteke i grunnkurs og klassar i denne yogaformen før. 
Mysore-stil klassane er sjølvpraksis, der du blir veileda og assistert i din praksis gjennom klassen. 
Påmelding til klassen via kontaktskjema, messenger på fb eller på telefon (41662883). 

Klassane er holdt av Johanne. 


26233674_10160026867945093_5741838325094854595_o.jpg

Om Yoga 

Dei ulike praktiske yoga metodane består av blant anna fysiske yoga posisjonar (asanas),  puste-teknikk, meditasjon og avspenningsteknikker. Alle disse forbereder oss til å gå djupare, mot stillheit,  og balansere både i det fysiske og dei meir subtile aspekta av oss.  Yoga er ein stor og djup tradisjon og kunnskap, og det er gjennom praktisk erfaring ein kan få kunnskap og oppleve.  Sjølv om mange assosierer yoga med praksis av yogaposisjonar for tida, så er det så mykje meir å utforske og oppdage. Yoga kan balansere oss på ulike nivå i oss sjølv, og utvide vår bevisstheit. 

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_7e8b.jpg

Kva vi deler 

 Vi har vår bakgrunn først og fremst i klassisk yoga og hatha yoga; den åtte delte ashtanga yoga. I den fysiske yogapraksisen er vinyasaprinsippet ein viktig del av klassane vi underviser, der pust og bevegelse knytta saman. Vi deler frå våre erfaringer så langt, og legg til element av filosofi og det som måtte kome frå hjertet i våre klasser. Les vidare på linkane under.