KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

JMN-160912-DSC02456-.jpg

YOGA & KAJAKK

Yoga & Kajakk Retreat
26. - 29. Juli 2018 

Vi samlast for ei eventyrhelg der ein kan utforske yogapraksis på morgen og kveld, samt ha muligheit til å padle kajakk på den grøne brevatnet i Oldedalen. Saman med "Bulder & Brak" opplevingar frå Årdal skapar vi ei helgesamling med mykje aktivitet, samtidig som vi roer med med pust og bevegelse i yogatimane, et naturleg mat, - og for dei som ynskjer delta på kurs i kajakkpadling på dagtid. Du akn melde deg på dei ulike kajakkaktivtetane, og dei er sjølvsagt frivillig. 

Frank & Johanne vil undervise yogaklassane og servere sunn vegetarisk mat gjennom helga. Om du ynskjer å padle kajakk, vil Torunn & Lars Kristian ta deg med fredag eller laurdag, eller begge dagene. På ettermiddagen er saunaen varm, vi serverer middag og samlast for kveldsklasser med yoga & avspenning, samt rundt bålet i Steinhola. 

Prisen for dette 3- dagers retreatet i Juli 2018 er 2400 NOK per person. 
"Early bird" pris for å melde seg på før 15. Mai 2018, er 2200 NOK per person. 

Kajakk turar; desse melder du deg på om du vil, og kjem i tillegg; 
Den 3 timars guida turen på Oldevatnet er 850 NOK pr. person, alt utstyr og guiding inkludert. 
Det 3-4 timars Introduksjonskurs i kajakkpadling som og er på på Oldevatnet; 1000 pr person, alt utstyr inkludert, og i tillegg kvalifiserer dette til å få Våtkort for kajakkpadling.  

Dette retreatet inkluderer: 

  • Minimum seks yogaklassar, morgen og ettermiddagsklasser med praksis av dynamisk og restorative yoga. 
  • Brunch (frokost og lunchpakke), samt middag med nærande mat, friske juicer, sunn snack. 
  • Sauna & isbad 
  • Samlingar i Steinhola
  • Fritid til fjellturer, tur til bre-armane, tid for kvile. 

I tillegg om du ynskjer: 

  • Kajakkpadling med Bulder & Brak Opplevingar. 
  • Mulegheit for å booke behandlingar i cranio sacral terapi eller healing massasje til redusert pris. 
  • Overnatting i hytte eller telt på Melkevoll Bretun. 


Vi gleder oss til ei spennande helg i naturen; ved fjella, breane og vatnet. 
Om du har spørsmål eller ynskjer å delta, kjenn deg fri til å kotnakte oss. For meir praktisk informasjon om overnatting, tidsplan for retreatet, og vegen til Oldedalen samt andre tips, klikk på link under.