KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

         

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

JMN-160912-DSC02456-.jpg

YOGA & FJELL

Yoga & Fjell Retreat
15.-19. August 2018
 


Vi samlast til Yoga & Fjellvandring på seinsommeren, - ei av dei vakraste tidene i fjellet! På denne samlinga er hovedfokus å ha mykje tid til å vere ute i naturen, vandre i fjella som er omkring oss, og dele augeblikk i stillheit, meditasjon og med ulike yogapraksisar. Vi startar kvar dag med stille sitting, praksis av yogaposisjoner, pusteteknikker og avspenning. Ein av dagane vandrar vi samen til anten Oldeskaret eller Kattanakken. På våre ettermiddags- og kveldsklassar vil vi dele praksisar som yoga nidra, enkle pranayamas og øvelsar, og nokre kvelder vert det musikk rundt bålet! 
Vår intensjon med denne langhelga er å skape eit herleg rom for å kvile, gå innover, og å vere i naturen. Å oppleve og lære praksisar for kropp, sinn og sjel som støtter oss i å finne indre ro, samt djupare mottagelegheit til å kome i kontakt med oss sjølve, samt naturen og menneska rundt oss.
Vi vil servere nærande vegetarisk mat, friske juicer og sunn snacks, og saunaen vil vere på kver ettermiddag. 

Frank & Johanne held dette retreatet; - og vi ser verkeleg fram til å skape denne samlinga i naturen! 
Velkommen til å vere med oss på ei spennande indre og ytre reise. 

Prisen for dette 4-dagers retreatet i  August 2018 er 2800 NOK per person.
"Early bird" pris for påmelding før 15. Juni 2018 er 2500 NOK per person. 


Yoga & Fjell samlinga inkluderer: 

  • Minimum 7 yogaklasser frå onsdag kveld, til søndag ved lunsj. Morgen, ettermiddag og kveldsklasser. 
  • Ein komplett brunch - frokost og lunsjpakke- med middag kver av dei fulle dagane. Kveldssnack onsdag og brunch søndag. 
  • Ein guida tur samla til Kattanakken eller Oldeskaret.  
  • Varm sauna kver ettermiddag, isbad. 
  • Fritid til å gå på tur til brearmane, lese, klatre/buldre, eller kvile. 
  • Kveldssamlingar i Steinhola med bål, deling og musikk. 

    Om du ynskjer: Mogelegheit for å booke cranio sakral eller massasje behandling for redusert pris. 
    For meir praktisk informasjon om overnatting, timeplan for retreat, korleis kome seg til Oldedalen og anna praktisk informasjon, ta ein titt på linken under: