KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

JMN-160912-DSC02456-.jpg

PRAKTISK INFO YOGA RETREAT

Praktisk informasjon
Yoga & Fjell Retreat

Her er ei oversikt over praktisk informajon for retreats; som prisar, overnatting, timeplan og korleis kome seg til Oldedalen. Takk for at du les gjennom denne informasjonen. Vi er også tilgjengeleg for å svare på spørsmål om du ikkje finn svar i teksten under, så kjenn deg fri til å kontakte oss på linken under. Vi håper på å sjåast mellom fjella og under breane snart! ! 

 

KOR VERT YOGA & FJELL SAMLINGANE ARRANGERT? 
Yoga & Fjell retreat vert arrangert på Melkevoll Bretun, som ligg i inste enden av Oldedalen, nær Stryn i Norge. Yogaklassane vert haldne på Yogahemsen, som ligg på toppen av kafebygningen på Melkevoll Bretun, med flott utsikt over dalen og fjella. Her kan ein og ta sauna og isbad, og mat vert servert i  kafeen her, eller i Utelada, bygningen rett ved; begge med spektakulær utsikt mot foss og fjell. 

KVA ER INKLUDERT & KVA ER PRISEN? 
Yoga & Fjell retreats består av yoga og meditasjons klasser kver morgen og kveld, samt andre aktiviter og klasser på retreatet. Nokre dagar har vi både morgen, ettermiddag og kveldsklasser. I eit vanleg retreat har vi eit minimum av seks fulle yogaklasser. Retreatet inkluderer også brunch og middag der sunn vegetarisk mat vert servert. Inkludert i prisen er også sauna og isbad, samt samlingar i Steinhola. Dei ulike retreata koster: 

  • Yoga Retreat for kvinner
    18.-21 May 2018 (3 dagar) 2400 NOK per person. 
    "Early bird" pris for påmelding før 30. Mars 2200 NOK. 
     
  • Yoga & Kajakk Retreat
    26.-29. Juli 2018 (3 dagar) 2400 NOK per person
    "Early bird" pris for påmelding før 15.Mai 2200 NOK. 

    Kajakk padling - du kan melde deg på til disse, og dei kjem i tillegg: 
    3 timar guida tur på Oldevatnet: 850 NOK pr. person, alt utstyr inkludert
    3-4 hours Introduksjonskurs på Oldevatnet. Kvalifiserer til våt-kort:  1000 NOK pr. person, alt utstyr inkludert. 
     
  • Yoga & Fjell Retreat August 2018 (4 dagar) kostar 2800 NOK per person
    "Early bird" pris for påmelding før 15. Juni 2600 NOK. 
     

KVA MED OVERNATTING? 

Overnatting er ikkje inkludert i retreat prisen. Dette for å gjere kostnadane fleksible for ulike budjett, og ulike behov; om ein vel å overnatte i eige telt eller om ein vil booke hytte gjev noko ulike prisalternativ. 

Det er mange mogelegheiter for å overnatte i hytter på Melkevoll Bretun, eller i områda rundt Bretunet. Hyttene på Bretunet er koslege og til dels nyrenoverte, og alle har dusj og toalett. Hyttene ligg eit par minutt gange frå Yogahemsen der vi har yogaklassane. Du kan også velge å bu i eige telt, bil eller camper på campingområdet. På Melkevoll Bretun finn ein alle fasilitetar for camparar; kjøkken, baderom og dusj, ete-område og andre ting. 
Når du melder deg på retreat, fortell oss om du ynskjer å bu på Melkevoll Bretun og vi kan ordne plass i hytte til deg. 
For ei lita hytte kostar det 250 NOK per natt om to personar delar. 
For feriehyttene kostar det 250 NOK per natt om fire personar delar. 
Du treng ikkje å seie i frå om du vil bu i eige telt på campingen; dette koster 170 NOK per natt for eit telt. 
Du betaler for hytte eller telt i resepsjonen i det du kjem til Melkevoll Bretun. 

For lokale deltakarar på retreat er det også mogeleg å bu heime; sjølv om vi anbefaler å bu på Bretunet for å få fullt utbytte av retreatet. Men dette er sjølvsagt ei mogelegheit for dei som ynskjer eller treng å bu heime. 

Av og til til vert hyttene på Melkevoll Bretun fullbooka. Då er det andre koslege hytter i nærheita, som på Aabrekk Gard og Briksdal Fjellstove.  Melkevoll Bretun har også leiligheiter på Melkevoll gard. 

Kontakt Johanne, og ho kan arrangere overnatting i små eller store hytter. Om du har spørsmål, kjenn deg fri til å ta kontakt med oss via kontaktskjema, eller ring oss på telefon: + 47 41662883.


KORLEIS VIL EIN TYPISK DAG PÅ RETREAT SJÅ UT? 

Rytmen på helgesamlingane er til vanleg som beskrive under. Vi sender ut spesifikke timeplanar for dei ulike retreat før vi startar. Av og til kan timeplanen endrast noko, avhengig av ver og andre ønsker og behov i gruppa. 

Første kveld
Velkommen og introduksjon på Yogahemsen, Melkevoll Bretun
Kveldstime yoga
Kveldsnack i kafeen

Dei neste to eller tre dagane: 
Morgen: 
Yoga og avspenning
Brunch - mat inspirasjon & lunsj pakke
Fjellturer, breturer, klatring, kajakk, tid for å vere i naturen eller kvile

Ettermiddag:
Ettermiddagsklasse yoga
Sauna og isbad i elva
Middag

Kvelds samling med tema for helga, avspenning, 
Samling i Steinhols eller ute i Utelada rundt bålet. 

Siste dag
Morgenklasse Yoga
Brunch - avslutningsklasse (omkring 12:00)

KVA TRENG DU TA MED? 

  • Du vil trenge lette treningskle for yoga, samt kle og sko for utendørsaktivitetar/fjellturar for all slags ver
  • Gode tursko
  • Om du vil klatre, ta med klatresko og anna utstyr du har. Det finnast crash pad å låne på Bretunet
  • Badekle og handkle om du vil ta sauna og isbad
  • Sengetøy og handkle om du overnatter i hytter (Kan også leige dette på Bretunet om gløymer)
  • Om du ynskjer å ta med ekstra mat, snacks, så gjer gjerne det. Den næraste matbutikken er i Olden, 20 km frå Bretunet
  • Kanskje ei bok, kamera eller andre ting som du ynsker for ditt retreat opphold
  • Di eiga yogamatte om du ynskjer det, ellers har vi matter og tepper til utlån på Yogahemsen


KORLEIS MELDE SEG PÅ RETREAT? 

Kontakt oss gjerne via kontaktskjema nederst på denne sida, eller ring oss på telefon + 47 41662883.
Din plass på retreatet er sikra når vi mottek ditt depositum på 600 NOK (ikkje- refunderbart) for retreatet. 
Resten av beløpet kan du betale ein eller to veker før retreatet startar. 
Dersom retreatet av ein eller anna grunn skulle bli avlyst av oss, så vil du få tilbakebetalt det fulle beløpet, inkludert depositum. 

Om du av ulike årsaker skulle bli forhindra å delta på retreatet du melde deg på, kontakt oss så snart du kan, og seinast to veker innan retreatet startar. Avmelding etter to veker før retreatstart vil ein måtte betale retreatet i si heilheit. 
 

KORLEIS KOME SEG TIL MELKEVOLL BRETUN? 

Bil
Det enklaste er å kome her med bil. Du køyrer mot Stryn, og herfrå mot Loen, Olden og så tar du mot Oldedalen og Briksdalsbreen. Frå Oslo går turen mot Lillehammer, Lom, Skjåk og over Strynefjellet og vidare derfrå. Om du kjem frå Bergen eller Førde-området, køyrer du mot Skei, Byrkjelo og vidare mot Innvik, Olden og Oldedalen.
GPS koordinater: 61.66473º N, 6.81649º Ø

Buss
Du kan ta buss til Stryn og Olden. Frå Oslo og Bergen er det både natt og dagbuss. Desse tar omkring 7 timar frå Oslo, og 5 timar frå Bergen. Gje oss beskjed dersom du skulle trenge pick up i Olden eller Stryn. 

Fly
Den næraste flyplassen finn ein på Sandane, Anda, eller på Hovden, Ørsta. Herfrå må ein arrangere transport til Melkevoll Bretun. 
 

 

TIL ALLE SOM DELTEK PÅ RETREAT - TAKK FOR AT ALLE LESER DETTE

Alle retreat er arrangert i eit naturområde som vi må vere vise merksemd og ha respekt for. Takk for at du lytter til lokal informasjon og råd for fjellturer i fjellområda. Ver alltid forberedt for turar, og ta hensyn til evt. begrensningar og behov når går på tur. Vanlige regler for fjellturer, fjellvettreglane må overholdes. Du kan lese dei her
Vi deler også området med andre reisande, men det er likevel godt med plass for å nyte stillheita og aleinetid om ynskjer det. 
Ved å delta på retreat ved Maitri Nature Yoga seier du deg einig i å ta fullt ansvar for deg sjølv gjennom alle aktivitar på retreatet; yogatimane, fjellturar, kajakk, klatring og anna. 
Ver snill og fortell oss i forkant av helga om du har spesielle behov som må takast hensyn til i yogatimane for eksempel. Lat oss også vite om du har matallergiar. 
Vi ønsker alle eit vakkert opphold her! Og vi ser fram til å sjå alle, - Varmt velkommen!