KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

         

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

8171959650_830a389f46_o.jpg

OM YOGA

Om yoga

Ordet yoga kjem frå sanskrit og kan tyde å føye saman, enhet, "unity", dette viser til ein djupare tilstand av transformasjon.
Mange forbinder yoga med å strekke, tøye og gjere ulike yogaposisjonar. Dette er kun ein liten del av yogapraksis.
 
Yoga er universelt og for alle
Yogapraksis kan utøvast på tvers av kulturell og religiøs bakgrunn. Dei universelle prinsippa yogaen formidler inkluderer alle, og menneske frå ulike bakgrunner, tradisjonar og kulturar praktiserer yoga verda over. 

Ulike yogaøvelsar
De ulike yogaøvelsane består blant anna av praksis av yogaposisjonar, pust, meditasjons -og avspenningsteknikkar. Yogatradisjonen omfattar også filosofi samt retningslinjer til å reflektere over og praktisere i livet. Vi kan inkludere yoga i alle delane av vårt liv; etterkvert kan ein oppleve at livet sjølv og yoga er eitt og det same, at det ikkje er noken forskjel mellom yoga, vår yogapraksis og livet sjølv. 

Yoga er ein praktisk kunnskap
Det er gjennom å praktisere yoga ein kan oppleve og oppdage kva det gjev ein. Kva intensjon ein har med å gjere yoga er sjølvsagt opp til kver enkelt; dei ulike øvelsane har noko å gje alle på ulike plan. 

 Gayatri Mantra 

Gayatri Mantra 

Yoga for helse, velvære og balanse
Gjennom den fysiske praksisen av posisjonar og pust kan ein erfare at ein verkt fysisk sterkare, meir fleksible samt ein auka balanse i både den fysiske og energetiske kroppen. Posisjonane, pust og konsentrasjonsteknikkar arbeider på oss på ulike nivå, frå det grovere til det meir subtile i oss. Pust- og avspenningsteknikkar kan hjelpe oss til mental ro, tilstedeværelse og djupare kvile.

Yoga for tranformasjon og utvikling
Gjennom praksis og å utfordre seg sjølv, sine vaner og tankemønster, kan ein endre og transformere måten vi lever på som ikkje tjener oss, eller andre. Ved å tillate det som gøymer seg i det ubevisste å kome fram, bli sett og akseptert, så kan desse ubevisste mønster om det så er i kropp, sinn eller sjel bli endra. 
Yoga gjev oss verktøy til transformasjon og terapi. 

 

Yoga er ein livslang læringsveg, med konstant nye innsikter og erfaringar. 
Kvar dag er ny. Om vi tillet oss sjølve å vekse og å vere studentar heile tida, så kan yogavegen og praksisane ei endelaus kilde for læring og oppdagingar. 


Åtte delt Yoga - Ashtanga Yoga i Yoga Sutras etter Patanjali. 

Ashtanga yoga betyr åttedelt yoga, og er beskrive i Patanjali´s klassiske tekst, Yoga Sutra. Desse åtte delane kan tjene som retningslinjer i vår yogapraksis, og hjelpe oss å navigere på den yogiske veien på en sunn og balansert måte. Desse ulike delane kan for dei fleste vere utfordrande å mestre, og di lenger ein går inn i dei meir subtile delane av praksisen jo meir utfordrande kan ein også sei at dei blir. Likevel kan det vere at desse retningslinjene berre hjelper oss å kome tilbake til vår naturlege essens, så kanskje ligg det meir naturleg for oss enn vi trur? Vi finn desse å vere ein fin struktur og ramme for observasjon og refleksjon gjennom livet.  
Gjennom å praktisere og observere dei føste fire- fem delane, over ein lang periode og med jevn innsats og studier, så kan ein erfare dei neste tre delane gradvis og spontant og på ulike nivå av erfaring; noko ein finn beskrive i dei gamle tekstane. 
Disse åtte delane, og så vel kva som helst slags tekstar eller lærarar, kan peike i ein retning for oss. Men det er vi sjølve som må utforske og få erfaring, som vert integrert i vårt eige hjerte, og finne våre svar frå innsida. På denne måten vert det vår eiga erfaring, så vi kan integrere kva vi lærer og opplever i vårt eige liv og vernade.  

Yama - etiske retningslinjer
  Ahimsha:  loving kindness, eller ikkje- vald på alle plan i livet. Tankar ord og gjerningar innover mot ein sjølv, eller utover i den verda vi lev i, menneske, dyr og natur
  Satya: å vere ærleg
  Asteya: å kun ta imot det som vert gjeve frivillig
  Bramacharya: moderasjon
  Aparigraha: å ikkje ta meir enn det ein treng av noko

Niyama – å jobbe mot
  Shaucha: Reinhet, enkelheit
  Santosha: Å vere fornøgd med det som er her og no
  Tapas: Fjerne det som blokkerer
  Svadhyaya: Refleksjon, observasjon, lese tekstar og filosofi som løftar opp og gjev innsikt.
  Isvara pranidhana: å gje seg hen, surrender

Asana – Praksis av yogaposisjonar. I ashtanga vinyasa yoga vert det vektlagt å bruke pusteteknikk (ujjay) og bevegelse saman, energilåser (bandha) og fokuspunkt (dhristi) saman med yogaposisjonane. På denne måten øver ein også det som kjem under, som pranayama, pratyahara og dharana. Ashtanga vinyasa yoga vektlegg også at denne metoden er knytta til Patanjali´s åtte inndelingar som vi beskriver her. Spesielt å kultivere Yamas og Niyamas i livet. 

Pranayama  - Pusten -  brua mellom den ytre og mot den indre praksisen, og den fysiske og mentale kroppen.
Pratyahara - Å dra sansane innover
Dharana - Konsentrasjon
Dhyana -  Meditasjon
Samadhi -  Enhet, Union. Ulike stadier av Samadhi er forsøkt beskrive i nokre av dei klassike tekstane, men aller mest referet til som at ikkje kan beskrivast med ord eller opplevast gjennom tankane. 

 FIRE . the energy of transformation 

FIRE . the energy of transformation 

Copyright All Text and Images Johanne Melkevoll