KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

APUS.JPG

OM OSS

 

Om oss


Her er ein presentasjon av nokre av oss som samskaper retreat, kurs og gjev behandlingar. 

Velkommen ut i naturen med oss, og for å utforske ulike praksisar og behandlingar for helse, vekst og utvikling. 
Gjennom vår, sommar og haust held vi yogaklasser, yoga og fjell samlingar og tilbyr behandlingar i Oldedalen i Stryn, Norge. Vi håper å skape eit trygt rom der vi kan dele, vokse og inspirere kverandre til å leve i djupare kontakt med vår essens, naturen og kvarandre.
 
Vi ser fram til å treffe nye og gamle venner! 
/ Johanne & Frank

 

8MqPtHNeScahMAlL1JtxHg_thumb_5817.jpg

JOHANNE MELKEVOLL

Eg vaks opp mellom fjella og breane i Oldedalen, og allereie når eg var lita nytte eg å bu tett på naturen, samtidig som eg drøymde om å reise i verda og besøke framande kulturar, tradisjonar og plassar. 
Frå slutten av vidaregående starta eg også å utforske ulike filosofiske og yogiske praksisar, og eg begynte å utforske på meg sjølv korleis sinnet og følelsane fungerar. Spontane indre opplevingar skapte eit behov i tillegg til inspirerte meg til å reise ut, finne lærarar, lære meir og oppdage. 

På Universitetet studerte eg pedagogikk, historie, sosialantroplogi, språk og litteratur. Eg har vore lærar i grunn- og vidaregående skule i fleire år, og delte også yogaklasser med kolleger og elever då. Sidan min første yogklasse omkring 2000 har eg for det meste utforska klassisk yoga, yoga nidra, filosofi og ashtanga vinyasa yoga. Sidan 2007 har eg delt klassar og kurs i skulen og seinare også ved ulike yogastudio og gjennom Yoga i Nordfjord. Dei siste åra har eg helde kurs, workshops og samskapa retreats i naturen i Oldedalen. 

Gjennom åra har eg vore så heldig å studere og lære fra erfarne lærarar i yogisk kunnskap og praksiser, både i Norge og omkring i verda. Nokre av fordjupningsstudia har vore ved Centered Yoga Thailand med Paul Dallaghan, på Bali, og i Mysore, India, blant anna. 
For meg kjennes det som at heile livet er inkludert i praksisen, og eg finn det umuleg å putte yoga inn i ein boks eller assosiert med kun ein person eller nokre få greiner av "treet". For meg er det heilheita av desse praksisane og kunnskapen som inspirerer; Yoga. 

Sidan 2012 har eg gjennomgått djupe forandringar på mange område i livet mitt, og ulike opplevingar gjorde at eg skrifta retning. Eg flytta frå byen og til naturen i Oldedalen, skrudde ned tempoet i livet mitt, og tillot meg ei ny tilnærming til dei ulike metodane eg har praktisert så langt. Sidan då har eg tilbrakt mykje tid på Bali, og saman yogastudia også studert kranio sakral terapi, healing praksiser samt følger utdanninger i medisinhjulet basert på Peruvianske healing tradisjoner, veileda av Marie J. Ytterman. 
Eg nyt også ein meir fri og kreativ livsstil, med tid til  musikk, maling, dans og skriving som alltid har vore ein viktig del av mitt liv. 

Eg har no funne min base i dei nordiske røtter igjen, og bur deler av året i Oldedalen, Norge, der eg deler med min kjære, familie og venner, utforsker livet og lever enkelt i naturen. 

Det inspirerer meg å sjå likheita og dei universelle prinsippa som vi finn i dei ulike kulturelle og andlege tradisjonar, og å tilnærme seg dei ulike verktøya for terapi og vekst med bevisstheit, hjerte og på ein ikkje-dogmatisk måte; som relaterer til den verda vi lever i no.  
Eg er takknemleg for alle eg har møtt; venner og lærarar, som har veileda meg og delt av sin kunnskap så langt. 
Naturen, praksisen og livet sjølv er min hovedlærar på alle måtar. 
Min intensjon er å dele dei ulike yoga verktøya og andre modaliteter på ein måte som kan støtte oss i og inspirere til å leve i djupare kontakt med vårt naturlege selv, og å opne dører og skape nysgjerrigheit til å studere og lære vidare. 
Eg håper våre samlingar og kurs kan inspirere til å skape balanse, helse og glede på ulike nivå; å fordjupe kontakten med hjertet, og støtte og inspirere kvarandre til å leve på ein måte som tjener både oss menneske, alt levande og naturen vi er ein del av. 


 
10926792_10152943125940791_1088925121343657123_o.jpg

AMAIA SANTACOLOMA 

Mange finner Yoga på ein søken for å finne lettelse frå ein stressande livsstil, og for fysiske ufordringar. I mi tid med praksis og undervisning har eg lært at helse ikkje berre er fråver av sjukdom. Verkeleg helse gjev oss vitalitet og inspirasjon til livet vi lever, og vår meining med det. 

Eg kom også i kontakt med Yoga med eit håp om å hele min vonde rygg, og effekten av Yoga var påfallande og verka med det same. Så fort et slutta å praktisere, fekk eg vondt i ryggen igjen, og eg bestemte meg for at det var ikkje eit alternativ for meg å late vere. 
Det meir eg praktiserte, jo meir kunne eg nyte av fordelane ved å praktisere yoga, der eg gradvis vart ein betre versjon av meg sjølv. Eterkvert reiste eg til India, og var tilsaman 2 år og studerte i yogaens vugge. I 2010 vart eg autorisert til å undervise Ashtanga Vinyasa Yoga i Mysore, India. 

Medan eg levde i dette magiske landet, erfarte eg at Yoga og Ayruveda hjelpe meg med psykologiske utfordringar og kroniske allergiar eg hadde lært meg å leve med. 

Det var fantastisk for meg å oppleve dei ubestridelige effektane av Yoga og Ayruveda. Sidan har jeg fortsatt å studere disse søster-vitenskapane så eg kan ydmykt dele dei med andre. 
Å bli mor i 2012 hjelpte meg å vokse mykje som lærar og yogapraktiserande. Eg oppdage den naturlege visdommen i kvinnekroppen, og måtte igjen skape kontakt med disse rytmene i det stressfulle samfunnet vi lever i. 

Min største inspirasjon kjem frå dei fantastiske lærarane eg har studert med, spesielt Sharath Jois (Ashtanga Vinyasa), Sudhir Tiwari (Pranayama), Uma Dinsmore-Tuli  (Womb Yoga & Yoga nidra), and David Frawley  (Vediske studier).

For tida underviser eg ved Oslo YogaBelly & Baby og Leela Yoga i Oslo.

Eg jobber med både begynnere og erfarne praktiserande, gruppeklasser, workshops, og individuelle sesjoner for dei som foretrekker en- til en undervisning, eller som ynskjer å jobbe djupt med Yoga Therapi. 


jvRHsKkfTkWKy0jB4vOQLQ_thumb_6c1c.jpg

FRANK ALEXANDER BJENNMYR

For omtrent sju år sidan tok livet mitt ei stor vending, då eg mottok mi første vatn-behandling (Watsu). I kombinasjon med yoga ble det ei sterk oppvakning, og eg forstod med ein gong at eg skulle vandre vidare i ei ny retning. Etter dette var eg fleire år på reisande fot der eg brukte tida mi på å fordjupe meg innan yoga og meditasjon, og å utforske og lære meg ulike behandling- & healingmetodar, som eg begynte å dele med andre med det same. 

Dei mest lærerike og innflytelsesrike kursa har vore nettopp Watsu og Healing Dance (aquatic bodywork), men også tradisjonell Hatha yoga i Indien, Sama Yoga på Bali og Inner Dance på Fillipinene. 
Dette ledde meg vidare til Kraniosakral Terapi, noko som for meg har vore djupt helande og transformerande, og som eg kontiunuerlig har studert og gjeve behandlingar i sidan då. 
I Sverige har eg fordjupa meg innan shamanske healingmetodar, noko som har bidrege til ei modning og djupare forståelse for den eg er. 

Kitesurfing var ein sann lidenskap i mange år før yoga og healing kom inn i livet mitt, og det er veldig viktig for meg å spandere tid i naturen. Mykje inspirasjon kjem gjennom å uttrykke meg kreativt, gjennom å spele og skape musikk, danse og skrive. Matlaging har blitt ei stor interesse, eg er verkeleg glad i å skape naturleg og sunn mat, noko eg har gjort på Yoga & Fjell retreat sidan starten i 2015. 

Så no har eg funne vegen tilbake til Skandinavia, der eg lever saman med Johanne nært naturen, gjev behandlingar, samskaper retreats & kurs, arbeider på ein camping, og deler inner dance & yoga og nyter livet! Eg ynskjer at eg kan fortsette å dele alt det som har hatt ein djup innverknad på mitt eige liv, for å støtte andre i deira utforsking og inspirere til helse og glede. 


 
12241650_10156272794210422_4070030007292606271_n.jpg

JEAN MANUEL NADEAU

Som veldig ung forlot Jean-Manuel, med eit kamera i handa, livet han kjende til for å oppdage verda vi lever i. Det som var meint som eit enkelt eventyr utvikla seg til å bli ei livsreise og ei pilgrimsferd i praksisen og utforskinga av urgammal visdom.  

Jean-Manuels oppvåkning starta under ein Vipassana meditasjon, der han opplevde ein oppløysing av kropp og sinn. Denne erfaringa forandra hans liv. Det gav han ei sterk evne til å kjenne den subtile dynamikken i kroppen, på same måte som eit glimt av den djupare meininga i kosmos kan by på. 
Uten noken tidlegare andleg kunnskap og derfor uten noken henvisninger eller rettesnorer å bli leda av, levde Jean i en "oppløyst" tilstand for ei tid, utan å innsjå omfanget av kva som hadde skjedd med han. 
Seinare tok livet han til Bali, der han fant sine noverande lærarar. Med deira si vegleding vart Jean delaktig i Mystery schools, og i praksisen av biodynamisk kraniosakral terapi. 
Studia hans ledde han til å oppdage tidas dynamikk, antikke kalendarar og astrologi, og han lærte seg å beherske sin sensitivitet og visom som kom til han i hans meditasjonspraksis, -   for å hjelpe andre på deira veg mot sjølvinnsikt. 

Mystisk visjonær og begava visuell kunstner, Jean Manuel har no busett seg i Asia, der han fortset og bygge bruer mellom dei synlege og usynlege verder. Han fordjuper sin kunnskap om "det store bildet" gjennom sine utforskingar og praksis av meditasjon, menneskelig evolusjon og vitenskapen om tida. Jeans visdom og helande oppdagelser blir delt med andre gjennom biodynamisk kraniosakral terapi, astrologi, workshops og samarbeid. Han fortsetter også å utforske ulike kreative prosjekt, som fotografi og grafisk/webdesign. 


 
 Torunn & Lars Kristian Yoga & Kajakk 2017

Torunn & Lars Kristian Yoga & Kajakk 2017

TORUNN TODAL LABERG & LARS KRISTIAN FAUSKE

Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske er skikkelege friluftsentusiastar, og det dei helst vil er å tilbringa livet ute. Eitt område dei ferdast mykje i er Hurrungane i Vest-Jotunheimen, og det norrøne ordet «hurr» tyder noko slikt som «bråk». I tillegg er Bulder & Brak Opplevingar etablert i Utladalen i Øvre Årdal, og buldring frå fossar, stein og is som kjem ned dei bratte fjellsidene er ein del av livet her – og difor synst me namnet Bulder & Brak Opplevingar passar godt til eit selskap som skal driva med nettopp naturbaserte opplevingar. Me har tru på at friluftslivet bringer med seg noko verdifullt – som fellesskap, utfordringar etter evne og meistringskjensle. Og det er når naturen bråkar litt rundt oss at me verkeleg får kjenna på kreftene me har i kring oss. Det å vera i rørsle ute i naturen gir energi!

Lars-Kristian Fauske er fysioterapeut av yrke og har brei erfaring frå eit langt friluftsliv. Har du lyst til å testa ut elvepadling, treng ein kjentmann ned bratte fjellsider på downhillsykkel, ønskjer tips om den beste skikøyringa i Årdal eller vil terpa litt langrennsteknikk før Birken, så er Lars-Kristian mannen du vil ha tak i.

Torunn Todal Laberg har jobba med fjell- og breføring i ei årrekkje, og noko av det kjekkaste ho veit er å ta med folk på tur. Torunn likar seg spesielt godt i høgda, og er godt kjend i Vest-Jotunheimen. Utladalen er vegen ho helst tek inn i Jotunheimen - og blir du med Torunn på tur innover der får du garantert mange historiar om folk og natur, geologi og dyreliv på kjøpet.