KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

8171959650_830a389f46_o.jpg

KVA VI DELER

Kva vi deler 

YOGAKLASSAR, WORKSHOPS OG  KURS 


VÅR BAKGRUNN
Vi har vår bakgrunn først og fremst i klassisk yoga og hatha yoga; den åtte delte ashtanga yoga. I den fysiske yogapraksisen er vinyasaprinsippet ein viktig del av klassane vi underviser, med pust og bevegelse knytta saman. Vi deler frå våre erfaringer så langt, og legg til element av yoga filosofi og det som måtte kome frå hjertet i våre klasser. Les vidare på linkane under.

20526007_1409751615781125_341554519216068341_n.jpg

 ASHTANGA VINYASA YOGA
Desse dynamiske yogaklassane tek utgongspunkt i første serien, primary series, i ashtanga vinyasa yoga. Vi har fokus på trishtana; energilåser, pusteteknikk og fokuspunkt. Johanne deler denne sekvensen av yogaposisjonar slik ho har lært den gjennom eigen praksis over fleire år, og gjennom veileding og læring hjå senior lærarar/studentar av .P. Jois, samt eigen praksis hjå Sarawathi Jois og R. Sharath i Mysore blant anna. 

Denne sekvensen vert kalla yoga terapi, og søker å balansere oss på ulike nivå. Med ein klok, intelligent og mjuk tilnærming til denne praksisen, så er dette eit fantastisk redskap og grunnbase i yogapraksis. Denne praksisen kan også vere ein livslang metode for helse, balanse og velvære på ulike nivå. Denne metoden inkluderer den åttedelte yogaveien, som beskrive i Patanjali´s Yoga Sutra. Dei ulike Yamas og Niyamas er fundamentale å inkludere i sin yogapraksis og livet for å tilnærme seg denne yogaen på ein sunn og balansert måte. 

HATHA YOGA, SAMA YOGA OG RESTORATIVE KLASSER
Vi undeviser også klasser med eit meir intuitivt fokus med klassiske yogaposisjonar, enkle pranayamas, avspenning og Yoga Nidra.
Sama yoga är en mjuk, flytande og energigivande form av Hatha yoga med inslag av QiGong. Dei restorative yogaklassane har hovudvekt på avspenning, kvilande posisjoner med inspirasjon frå Yinyoga. 

YOGA KLASSER
Klassane vi underviser er for både begynnere, og for dei som har praktisert yoga ei stund. Vi deler yoga med alle aldre, og frå alle bakgrunnar, og gjer vårt beste for å  vise variasjoner og tilpasse praksisen i forhold til ulike behov og forutsetningar. På den måten håper vi å dele øvelsane på ein måte som kan virke terapautisk, og gje ro for kropp, sinn og hjerte. 

YOGA I SKULEN - FOR LÆRARAR OG FOR BARN
Johanne jobber akkurat no med å skape kursrekker med yoga-inspirerte øvelsar som mindfullness, avspenning, pust og øvelser for lærarar i skulen. Desse kursa og workshops er meint for lærarane, for å ha verktøy til å handtere stress i eigen kvardag, samt for å kunne bruke desse verktøya i klasserommet for studentar og barn. 
Ta gjerne kontakt om det skulle være interesse for kurs på din skule eller arbeidsplass. 

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_77a6.jpg

PRIVATE KLASSAR
Ein privattime er for ein person, eller for små grupper. I desse timane har ein anledning til å søtte din eigen praksis betre enn i ein gruppesetting med mange personar. Tradisjonelt var yoga ofte undervist ein - til ein, og med spesiell tilpassing til kvert enkelt menneske, og dei behova ein har og kva ein treng å lære. I ein privatklasse kan ein ta for seg ulike yoga øvelsar, diskutere individuelle behov og tilpassingar, samt skape eit yoga program for din eigen praksis. 

WORKSHOP, RETREAT OG FORDJUPNINGSKURS
Vi har undervist vekes- kurs og langhelger med fordjupningskurs sidan 2014. På desse kursa underviser vi yoga posisjonar (asanas), konsentrasjon/mindfullness/avspenningsteknikkar, samt livsstil og filosofi. Fundamentet i våre workshops og retreat er den åtte delte yogaveien som er beskrive i Yoga Sutras, Patanjali. 

. VELKOMMEN TIL Å TA KONTAKT OM DU ER INTERESSERT I WORKSHOPS; KURS, PRIVATTIMAR ELLER HAR ANDRE SPØRSMÅL! 

Yoga er ein livslang praksis, og vi deler frå våre erfaringar så langt; og stiller oss alltid åpne for nye oppdagingar og innsikter; først og fremst gjennom vår egen praksis og erfaringer, samt gjennom å lære frå meir erfarne lærarar. Vi håper å dele yoga verktøya på ein måte som kan inspirere til å praktisere og lære, samt å dele praktiske teknikkar som du kan bruke i din eigen kvardag. 

6916992453_cb0e74b3f5_o.jpg